Vedtak til lov om endringer i yrkestransportloven mv. (drosjetilbud, internkontroll, kontrollutrustning og tilknytning til sentral)

I Stortingets møte 13. juni 2025 ble det gjort følgende

vedtak til lov

om endringer i yrkestransportloven mv. (drosjetilbud, internkontroll, kontrollutrustning og tilknytning til sentral)

I

I lov 21. juni 2002 nr. 45 om yrkestransport med motorvogn og fartøy gjøres følgende endringer:

§ 9 andre ledd skal lyde:

(2) Den som har løyve etter denne føresegna, skal vere knytt til ein drosjesentral. Løyvehavar kan ikkje vere knytt til meir enn ein sentral. Løyvehavar skal rapportere dei opplysningane til sentralen som sentralen treng for å oppfylle pliktene etter §§ 9 d til 9 e i denne lova. Løyvehavaren skal sikre at betaling for all løyvepliktig drosjetransport vert registrert i ei godkjend kontrollutrusting hos ein drosjesentral som løyvehavar er knytt til. Bestilling av og betaling for bestilt drosjetransport skal registrerast automatisk i kontrollutrustinga. Kontrollutrustinga skal ha fast tilknyting til motorvogna gjennom fysisk kopling eller på anna sikkert vis når det går fram av forskrift fastsett av departementet. Løyvestyresmakta kan gje dispensasjon frå krava i dette leddet på vilkår som vert nærare fastsett av departementet i forskrift.

§ 9 a skal lyde:
§ 9 a. Drosjetilbod i enkeltturmarknaden

(1) Fylkeskommunen skal vurdere om det er eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden i fylket som del av eit heilskapleg transporttilbod.

(2) Fylkeskommunen kan sette i verk tiltak for å sikre omfang, kvalitet og pris på drosjetenestene i enkeltturmarknaden dersom det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande transporttilbod.

(3) Når fylkeskommunen og andre offentlege innkjøparar inngår kontrakt om drosjetenester, skal dei vurdere og ta omsyn til dei verknadene kontrakten vil ha på andre delar av drosjetilbodet og andre delar av transporttilbodet. Før kontrakt vert lyst ut, skal andre offentlege innkjøparar i dei områda kontrakten gjeld, høyrast.

§ 9 b skal lyde:
§ 9 b. Einerettar for drosjetransport

(1) Fylkeskommunen kan tildele godtgjersle eller einerett for å tilby drosjetenester når det er nødvendig for å sikre eit tilfredsstillande drosjetilbod i enkeltturmarknaden i heile eller delar av fylket. Godtgjersle og einerett kan kombinerast. Fylkeskommunen fastset avgjerda om bruk av einerett i forskrift.

(2) Fylkeskommunen skal avgrense godtgjersla eller eineretten til eit fast definert område.

(3) Departementet kan, ut frå innbyggjartal og innbyggjartettleik, i forskrift fastsette område der fylkeskommunen kan tildele einerett.

(4) Tildeling av einerett eller godtgjersle som kompensasjon for plikt til offentleg teneste skal skje etter opne og etterprøvbare prosessar basert på objektive og transpararente kriterium.

(5) Fylkeskommunen kan tildele einerett for ein periode på inntil fem år.

(6) Fylkeskommunen kan gjere einerett gjeldande for drosjetenester i enkeltturmarknaden og kontraktmarknaden.

(7) Drosjeløyvehavarar som har einerett, kan utføre oppdrag frå einerettsområdet til ein kvar stad i eller utanfor einerettsområdet.

(8) Drosjeløyvehavarar som ikkje har einerett, kan ikkje utføre drosjetransport innanfor område der fylkeskommunen har tildelt einerett. Ein drosjeløyvehavar som ikkje har einerett, kan likevel transportere passasjerar inn i einerettsområdet. Han kan og transportere passasjerar frå eit einerettsområde til ein stad utanfor einerettsområdet dersom transporten er bestilt på førehand.

(9) Fylkeskommunen kan i einskildvedtak eller forskrift gje andre enn den som har einerett, rett til å køyre i einerettsområdet.

(10) Departementet kan i forskrift fastsetje nærare reglar om einerettar.

Nåværende §§ 9 b og 9 c blir §§ 9 c og 9 d.

§ 9 d første ledd bokstav d skal lyde:
  • d. taksameter som er installert i drosja, inkludert serienummer, eller anna kontrollutrusting

Nåværende § 9 d blir § 9 e, og overskriften skal lyde:

§ 9 e. Klageordning og tilbod til personar med nedsett funksjonsevne mv.

§ 9 f skal lyde:
§ 9 f. Internkontroll og tilsyn

(1) Drosjesentralen skal sørge for at det vert innført og utøvd internkontroll i eiga verksemd og i verksemda til løyvehavarane som er knytte til sentralen. Internkontrollen skal gjennomførast i samarbeid med tilknytte løyvehavarar, arbeidstakarar og representantane deira.

(2) Internkontrollen skal sikre at aktivitetane til løyvehavarane og sentralane vert planlagde, organiserte, utførte og vedlikehaldne i samsvar med krav fastsett i eller i medhald av gjeldande regelverk for løyvehavarar, sentralar og deira tilsette.

(3) Fylkeskommunen fører nødvendig tilsyn med at føresegnene om internkontroll, fastsette i eller i medhald av denne lova, vert etterlevde. Fylkeskommunen kan treffe vedtak med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav eller etterlever pliktene som følgjer av denne føresegna eller forskrift om internkontroll i drosjeverksemd. Det skal setjast ein frist for retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.

Nåværende § 9 e blir § 9 g og skal lyde:
§ 9 g. Unnatak frå sentralane sine plikter

Løyvestyresmakta kan gje sentralane unnatak frå pliktene etter §§ 9 d og 9 e.

Nåværende § 9 f blir ny § 9 h og skal lyde:
§ 9 h. Pålegg om retting

Løyvestyresmakta kan treffe vedtak med pålegg om retting der sentralen ikkje oppfyller krav og etterlever plikter som følgjer av §§ 9 c, 9 d og 9 e. Det skal setjast ein frist for retting. Dersom pålegget ikkje vert følgt, kan løyvet trekkast tilbake.

Nåværende § 9 g blir ny § 9 i.

§ 12 andre ledd skal lyde:

(2) Løyve etter §§ 9 og 9 c vert gjevne av fylkeskommunen.

§ 27 andre ledd skal lyde:

(2) Løyve etter § 9 c gjeld utan avgrensing i tid.

II

I lov 26. mai 1995 nr. 25 om gjennomføring av fellesregler om innenlands transport i EØS-avtalen gjøres følgende endringer:

§ 2 andre ledd skal lyde:

Når saker som gjelder bestemmelsene i EØS-avtalen nevnt i første ledd behandles av Europakommisjonen, gjelder § 2 annet, tredje og fjerde ledd i EØS-konkurranseloven tilsvarende. Dersom slike saker bringes inn for Underretten ved Den europeiske unions domstol eller Den europeiske unions domstol til overprøving, gjelder § 2 første og annet ledd i den nevnte loven.

§ 3 første ledd skal lyde:

Den som forsettlig eller uaktsomt overtrer artikkel 5 nr. 2 eller artikkel 6 i EØS-avtalen vedlegg XIII punkt 6 (rådsforordning nr. 11 av 27 juni 1960), eller unnlater å etterkomme en anmodning etter avtalen artikkel 11 eller 131 om å gi opplysninger til norske myndigheter, straffes som fastsatt i konkurranseloven § 32.

III

  • 1. Loven gjelder fra den tid Kongen bestemmer. Endringene i lovens del II trer likevel i kraft straks.

  • 2. Departementet kan gi nærmere overgangsbestemmelser.

Masud Gharahkhani

president